CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Menneske har alltid reist, og målt i minutt reiser vi ikkje så veldig annleis enn i steinalderen. Forskjellen er at vi har bytta ut muskelkraft med motorkraft, noko som fører til ein cocktail av ulike utslepp. Foto: Omar Prestwich @ Unsplash

Menneske har alltid reist, og målt i minutt reiser vi ikkje så veldig annleis enn i steinalderen. Forskjellen er at vi har bytta ut muskelkraft med motorkraft, noko som fører til ein cocktail av ulike utslepp. Foto: Omar Prestwich @ Unsplash

Om reisevaner, cocktailar og klimaeffektar

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 30.01.2018

Nordmenns reisevaner, spesielt fly- og bilreisene våre, påverkar klimaet. Men kor stor klimaeffekten eigentleg er, avheng av mange ulike forhold.

Sist i saka kan du nærstudere dei seks faktafigurane teksten er bygd på.

Reisene våre er viktige bidrag til det totale klimafotavtrykket. Men dette er heller ikkje til å unngå. Menneske har alltid reist, og målt i minutt reiser vi ikkje så veldig annleis enn i steinalderen. Forskjellen er at vi har bytta ut muskelkraft med motorkraft, noko som fører til ein cocktail av ulike utslepp.

Kva er så eigentleg klimapåverknaden av reisene våre? Dette tilsynelatande enkle spørsmålet er ganske vanskeleg å svare på. Ettersom det er mange typar utslepp og mange måtar å sjå ting på, er det fleire svar.

Cocktail for klimaforskarar

For ein klimaforskar er transportsektoren spanande ettersom ei blanding av ulike utslepp fører til svært forskjellige kjemiske og fysiske prosessar. Ein del utslepp er oppvarmande, som CO2; andre er nedkjølande, som lyse partiklar. Dessutan varierer effektane med tid, slik at utslepp av CO2 vil påverke klimaet i hundrevis av år, mens utslepp av partiklar har langt kortare påverknad. Nitrogenoksider (NOx) vil påverke både ozon og metan og dermed vere både oppvarmande og nedkjølande, alt etter tidsperspektivet. Eit fly høgt i atmosfæren gir andre påverknader enn ein bil på landjorda eller eit cruiseskip i Arktis. I tillegg til drivhusgassar, ozonforløparar og partiklar, har luftfart ein ekstra joker, der fly fører til danning av kondensstriper og fjørskyer. For ein del av desse kortlevde effektane er det usikkert kor stor klimaeffekten er.

Alt avheng av perspektiv

Å halde styr på utsleppa frå transport er ikkje rett fram. Transportsektoren står for ca. 30 % av dei norske klimagassutsleppa, med litt slingringsmonn – avhengig om motorsager og liknande blir definert som transport. Figur 1 viser at dei største utsleppa kjem frå personbilar, tunge køyretøy, sjøfart og anleggsmaskiner. Ein del av desse utsleppa, bl.a. bruk av personbilar, skuldast reisevanene våre. Denne statistikken, som er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), tar ikkje med alt. Vi nordmenn reiser til, frå og i utlandet, noko som ikkje er med. Klimaeffekten av kondensstriper og partiklar er heller ikkje inkludert.

Vi bør alltid vere kritiske når vi kjem over påstandar om at utsleppa eller klimaeffekten av ein aktivitet er så stor eller så liten.

borgar aamaas

Kva som ikkje er med i SSB-statistikken betyr aller mest for luftfarten. Flyreiser kan stå for ein liten del eller ein stor del av oppvarminga, heilt avhengig av kva for perspektiv vi tar. Den offisielle norske utsleppsstatistikken viser at luftfart er ansvarleg for 2,5 %. Men flysektoren er spesiell ettersom vi nordmenn flyr mykje til utlandet og tilleggseffektane er neste like store som oppvarminga frå CO2. Det er vanskeleg å kvantifisere nøyaktig kor stor auke vi får av å ta med desse andre utsleppa og effektane, men grovt sett påverkar nordmenns flyvaner omtrent like mykje som personbilane innanlands.

Kor skal vi reise hen?

Globalt sett er flysektoren ei lita utsleppskjelde. Ca. 2 % av klimagassutsleppa kjem frå luftfart. Ei årsak til dette låge talet er at dei aller fleste menneska i verda aldri har flydd. I figur 2 finn vi luftfart heilt nedst, mens vegtrafikk har langt større utslepp globalt. Men luftfart er ein sektor i kraftig vekst, slik som vegtrafikk. Sjølv om flyselskapa blir stadig betre til å fly meir drivstoffgjerrig, har veksten i passasjertrafikken vore langt større. Veksten er aller størst for reiser mellom land (sjå figur 3), ein trend som òg gjeld for nordmenn. Ei stund var det nordmenns feriereiser til utlandet som drog opp veksten i flyreiser mellom Noreg og utlandet, dei siste åra er det utlendingar på ferie i Noreg.

Klimaeffekten er …

Men la oss gå tilbake til nordmenns reisevaner og spørsmålet om kor stor klimaeffekt det har. Basert på reisevanedata frå Transportøkonomisk Institutt i 2009 fann eg at vi reiser aller mest med bil, både talet på reiser totalt og kilometer totalt (sjå figur 4). Vi flyr sjeldan, i 2009 ca. to tur-retur reiser per nordmann. Desse flyreisene er lange og bidrar dermed med at den totale klimaeffekten av flyginga er omtrent like stor eller noko større enn for alle bilreisene.

Vi reiser aller mest med bil, men den totale klimaeffekten av flyginga er omtrent like stor som alle bilreisene.

borgar aamaas

Figur 5 viser tydeleg at dei fleste reisene våre er korte med bil eller til fots, men at nesten 70 % av den totale klimaeffekten kjem frå dei lange reisene (lengre enn 100 km). Studien vart gjort for data i 2009 og dermed vil konklusjonane vere litt annleis med dagens reisevaner. Vi flyr langt meir i dag, spesielt til utlandet. Samstundes går utsleppa ned, per personkilometer. Altså er det truleg mindre utslepp for ein flytur til London i dag enn for ni år sidan. Vidare har elbilen slått gjennom i Noreg og dei fleste bilreiser kan no bli gjennomført med elbilar. Likevel trur eg at hovudkonklusjonane vil vere dei same om vi studerer nordmenns reisevaner i 2018.

Utsleppa frå reiser kan reduserast på tre ulike måtar. Vi kan slutte å reise eller reise kortare. Ny teknologi, slik som elbilar, kan ta over for eldre teknologi for å få ned utsleppa per kilometer. Det siste alternativet er å bytte ut til eit grønare transportmiddel, altså frå fly og bil til tog, buss og sykkel. Men det er ikkje så enkelt, slik som figur 6 viser. Å reise med eit fullstappa fly kan konkurrere med å køyre ein stor bil åleine. Om vi derimot fyller bilen med fem personar, er klimaeffekten per person ganske lik med det å ta kollektivtransport.

Vèr kritisk

Altså er det mange måtar å sjå på transport og reisevaner. Fly kan vere alt frå ein liten sektor i utsleppsrekneskapet til det aller største bidraget til klimaavtrykket ditt om du er blant dei som flyr ofte. Perspektivet er avgjerande. Difor bør vi alltid vere kritiske når vi kjem over påstandar om at utsleppa eller klimaeffekten av ein aktivitet er så stor eller så liten. Då er det lurt å undersøke kva for premiss som er lagt til grunn for utrekningane. Uansett er dei globale utsleppa frå transport veksande, og skal vi klare dei ambisiøse klimamåla, så må òg desse utsleppa ned.

Sjå figurane under.

 

Figur 1: Klimagassutslepp frå transportsektoren i Noreg i millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dei største delsektorane er namngitt. Dei totale norske utsleppa er ca. 53 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå Statistikk sentralbyrå.

 

Figur 2: Dei globale CO2-utsleppa frå ulike typar transport og enkelte andre sektorar. Luftfart er den minste sektoren av dei som er gitt her. Utsleppa er gitt i tusen millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå EDGAR.

 

Figur 3: Dei globale CO2-utsleppa frå luftfart delt etter om utsleppa skjer på innanlandsreiser eller på flygingar mellom land. Utsleppa er gitt i millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå EDGAR.

 

Figur 4: Korleis ein gjennomsnittsnordmann reiste i 2009 fordelt på ulike transportmiddel (Aamaas og Peters, 2017). Kakestykka viser fordelinga for talet på reiser (venstre), total reiselengd (midten) og klimaeffekt (høgre).

 

Figur 5: Reiser med ulike transportmiddel fordelt etter kor lange reisene er, dei korte reisene til venstre og dei lange til høgre (Aamaas og Peters, 2017). Øvre figur viser fordelinga for talet på reiser, midtre figur total reiselengd og nedre figur klimaeffekt. Dei korte reisene er til venstre og dei lange til høgre.

Figur 6: Ei samanlikning av ulike transportmiddel på reiser mellom 500 og 1000 km basert på europeiske forhold (Borken-Kleefeld med fleire, 2013). Klimafotavtrykket avheng ikkje berre av type transportmiddel, men òg kor mange passasjerar er med, altså belegg. Klimaeffekt gitt i CO2-ekvivalentar på y-aksen og belegg på x-aksen. Det typiske belegget er gitt med tjukk linje for dei ulike transportmidla. Øvst med størst klimaeffekt finn vi ulike fly, deretter ulike bensin- og dieselbilar, og nedst ulike bussar og tog.