CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Cicero-forsker asbjørn torvanger

CICERO-forsker asbjørn torvanger

– Norge må satse på ‘Kinderegg’ næringar.

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 31.10.2018

CICERO-forsker Asbjørn Torvanger om karbonfangst- og lagring, grønne arbeidsplasser og 1,5 grader. 

  • Denne saken er opprinnelig skrevet av og for LO-Aktuelt

Hvor realistisk er det at vi får til CO2-fangst- og lagring i stor skala – i Norge og i verden?

Det er like realistisk som at landa meiner alvor med klimaavtalen frå Paris og tek nødvendige skritt for å redusere menneskeskapt klimaendring til under 2 °C ved utgangen av vårt hundreår. I dag er verda på veg mot rundt 3 °C oppvarming. Det er ingen grunn til å byggje ut karbonfangst og –lagring med mindre Norge og verda vil gjennomføre ein stram klimapolitikk framover. Karbonfangst og –lagring er dyrt i energi og pengar, og har berre verdi som klima-teknologi. Forsking viser at det er vanskeleg, og i beste fall dyrare, å nå klimamålet frå Paris utan karbonfangst og –lagring. Denne teknologien kan koplast til straumproduksjon med kol eller gass, utslepp av karbondioksid frå delar av industrien, og bruk av bioenergi. Ved å kombinere bioenergi med karbonfangst og –lagring kan karbondioksid takast ut frå atmosfæren og i staden lagrast i berggrunnen. Forsking viser at det blir behov for slike ‘negative utslepp’ framover. Dei største barrierane for karbonfangst og –lagring i dag er høg kostnad i forhold til verdien og knytt til dette - manglande interesse frå industrien, samt manglande interesse frå mange land. Desse landa ser på denne teknologien som umoden, dyr og unødvendig, sidan framtida ligg i sol, vind, bioenergi og høgare energieffektivitet. Norge støtter prøveprosjekt for karbonfangst og –lagring knytt til produksjon av sement hos Norcem i Brevik og forbrenning av avfall ved Klemetsrud i Oslo. Planen er å byggje ut eit eller to full-skala anlegg for karbonfangst og –lagring.

Hvor mange norske arbeidsplasser kan CO2-fangst- og lagring skape?

Talet på norske arbeidsplassar er vanskeleg å svare på fordi det avheng av om Norge og mange nok land vil satse på karbonfangst og –lagring, og i kor stor skala dette vil skje. Vi har også lite erfaringar med nødvendig mannskap for å drifte fangst, transport og lagring av karbondioksid. Dersom Norge satsar på å byggje ut full-skala anlegg hos Norcem og Klemetsrud, og den fanga karbondioksidet skal transporterast og lagrast under Nordsjøen kan det dreie seg om eit par hundre arbeidsplassar. Dersom det blir attraktivt for Norge å lagre karbondioksid frå andre europeiske land under Nordsjøen kan det bli fleire arbeidsplassar.

Hvordan skal dette skje i praksis her til lands?

Norge må bestemme om vi er villige til å ta ein viss risiko ved å investere store offentlege middel i karbonfangst og –lagring. Dette kan berre bli lønsamt dersom mange andre land blir med på ‘klima-dugnaden’ og klimapolitikken internasjonalt blir streng framover, og at landa har trua på at karbonfangst og –lagring blir viktig. Vi har ein start gjennom industri-prosjekta hos Norcem og på Klemetsrud, men det er eit langt løp som står igjen.

Hvilke «grønne» arbeidsplasser bør Norge satse på de nærmeste årene?

Norge må satse på ‘Kinderegg’ næringar, d.v.s. næringar som fører Norge i grøn retning, blant anna ved å redusere norsk klimagass-utslepp, hjelper til å redusere globale klimagass-utslepp, og stimulerer utvikling av nye, grøne industriar. Dette er arbeidsplassar i næringar som har stort vekstpotensiale, og er basert på våre ressursar, kompetanse, og konkurransefortrinn. Nokre eksempel er havmøller, maritim transport med ingen eller låge utslepp av klimagassar, karbonfangst og –lagring knytt til bruk av bioenergi – gjerne basert på biomasse frå algar, effektiv og intelligent distribusjon av kraft til vår ‘elektrisk framtid’ – blant anna elektrisk transport, og bygningar og infrastruktur som er i front på energieffektivitet, og har låge utslepp av klimagassar og er klimarobuste.

Hva bør skje med norsk oljeproduksjon de neste ti årene?

Skal vi nå 2 °C målet frå Paris er det ikkje rom for å utvinne all olje, gass og kol i verda som i dag er lønsamt. Dersom Norge einsidig skulle redusere sin oljeproduksjon kan vi vente at andre olje-produsentar vil erstatte ein god del av den norske produksjonen fordi det er lønsamt. Likevel bør Norge vere forsiktig med å bygge ut nye felt fordi risikoen er stor dersom verda prøver å nå klima-målet frå Paris. Difor er det ikkje fornuftig at staten tek ein vesentleg del av risikoen ved ny leite-verksemd. Ein større effekt på produksjonen av olje og gass vil fyrst komme etter nokre år dersom etterspørselen går ned fordi klimaavtalen krev høgare pris på utslepp av karbondioksid, enten gjennom avgifter eller kvotesystem. Etterspørselen etter olje er også pressa av billegare sol og vind og elektrisk transport. Utbygging av karbonfangst og –lagring i stor skala vil redusere presset på petroleumsnæringa fordi det blir mindre konflikt mellom olje og klima.

For å holde oppvarmingen under 1,5 grader, konkluderer FNs klimapanel at verdens utslipp må halveres innen 2030. I 2050 må de være lik null. Hvem har hovedansvar for at dette skjer?

Dette krev ein global dugnad der alle land og industriar må bli med etter evne. Personleg ansvar og initiativ er bra, men det viktigaste er å få på plass rammer som stimulerer bedrifter og folk til å handle klimavennleg. Dette er ei politisk oppgåve i kvart land og internasjonalt gjennom avtaler mellom land. Byar, næringar, organisasjonar og fond som er villige til å leie på klima-området er svært viktige, og har skapt ny dynamikk, for eksempel i finans-sektoren. Politikarane må vere villige til å leie, tenke langsiktig, og sjå på klimatiltak og relaterte investeringar i dag som ei forsikring for å unngå ei vanskeleg framtid, der det kan bli store konsekvensar av klimaending og nødvendig med dyr tilpassing til klimaendringane. For Norge kan dei mest krevjande konsekvensane av klimaendringa komme indirekte gjennom global uro, for eksempel eit massivt migrasjon-press frå sør mot nord, og hindringar for handelen mellom land.